onsdag 26. november 2008

3 nøtter til askepott











Vi har fått inn noko fantastisk flott julepynt frå Walther og Co. Den må bare sjåast! Langåpent til 22.00 i morgon (torsdag 27.11) ... håper vi kan gi deg litt juleinspirasjon :-)

fredag 21. november 2008

Juleroser i full flor







Den står vakker og yndig no i den mørke og kalde vintertida - julerosa - som vi kvart år syng om i "Det hev ei rose sprunge". Når vinteren byrjer å ta fatt, når trea står nakne, og dei fleste stauder står som ruiner, så er det ei flott oppleving å sjå julerosa blomstre. Rein og sjønn fortel den at det framleis er liv. Julerosa kan ein og ha inne, men husk å vatne den! Adelin og Kristine er samd om at dette er årets juleblomst (saman med sviblane då sjølvsagt :-))



Ps. Vi skal ha langåpent i julebutikken vår på torsdag 27. november

søndag 16. november 2008

Julekuler, sløyfer og skøyter












Litt inspirasjon på ein søndag ... to veker før 1. søndag i advent. Vi går i møte med ei fin tid :-)

onsdag 12. november 2008

Kjøkkenhandkle i langebaner













No byrjer vi å få ein fin julebutikk, med raude kjøkkenhandkle på rekke og rad, grønne kranser og svibler med mose i sølvpotter. Vi fekk mykje fin julepynt ifrå OSV idag ... bilder kjem.


onsdag 5. november 2008

Vi byrjer såvidt ...













... med litt jul. Åhh ... så godt det er å jobbe med mose ... velkomen til oss ikveld :-)